Youtubaren frå Heddal

Ein youtubar frå Heddal,

lika å vise seg bort.

Han higa etter likes og uppdateringar

Om storfisk av ulik sort.

⁃ Sjå her har eg teke ein kilosfisk

⁃ Og her har eg tikji to

⁃ Følg meg inn på fjellet

Slik gat han, mens han gapa og lo

Han delte filmar med bilder.

Krydra med store ord.

Lykka var stor på vegen

Til han gjekk, banna og svor

⁃ Hått tenkjer dem desse trølla?

⁃ Som hær har gjingji og slengji.

⁃ Tomgods og rask, sammenkrulla

⁃ Og skellar frå fisk dem har fingji

Stimen var stor,

folk dit gjekk

Store aurar,

dei fleste fekk.

Skrot og rask,

der mange lå’

Nå kalles tjønna «Fiskelaus»:

Dit må du gjønne gå.

J-EP 2020