Fjellkarar må vørå gode til å ljuge

Fjellkarar må vørå gode til å ljuge

Det var ein gong ein kompis og eg var i fjellet og tjuvfiska. Me drog på ein kano og fant ut me skulle gje eit forsøk i ein liten pytt uten vak noen kilometer frå ein stor sjå. 

Så lå me kanoen på vatnet og otra over det lille vatnet. Før me hadde fått flugun heilt ut gjekk lina og fjøla rett ned og det koka i vatnet. Røya hoppa meterhøgt og me baksa og lo i ekstase i sommernatta. Fjøla gjekk ut og inn og det var stor fisk på. 

  • Herregud den er j. stor ropte kompisen. 
  • Dette er fisken sin!, sa eg

Det var også alt som blei sagt før fisken lå i lyngen. Ikkje bare ein. Men to andre au. Røye

på 1,8kg, 1,2kg og 1 kg. Eit oterdrag. 3 røyer. Så røyka me ein rullings, tok ein dram og kraup i påsan. 

Dagen etter gjekk me heimover. Kanoen på ryggen. Og ned i bakkane så me ein kar på veg uppover. 

  • Nå må du helde kjeften din, sa eg til kompisen min. 

Så gjekk me hverandre i møte. Nederst i ryggsekken lå tri bloddryppande kilosrøyer. 

  • Jasså, fisketur? Sa mannen
  • Ikkje myke til fisk, men tur i det minste laug eg. 
  • Ingenting? Sa mannen. 
  • Kun et par småaurar, laug eg. 
  • Men bålet var koseleg. 
  • Hårr har døkkån fiska da? Spør mannen
  • I Storsjån, laug eg
  • Ja, den kan vørå vrien sa mannen. 
  • Ikkje fiska uppi pytten? Spurte mannen 

Nå var han på fisketur før han kom til fjells

  • E det fisk i den da? Spør eg
  • Neeei, dro mannen på det. Skiftenøkler, laug mannen

(Skiftenøkler er betegnelse på fisk med stort hue og liten kropp. Alt hva ein sportsfiskar ikkje vil ha. )

  • Eg fekk ein fisk der fe nokre år sida og da var den full av makk, laug eg. 
  • Ja, det e ikkje særlig fristande. Og gvit i kjøttet laug mannen. 
  • God tur, sa eg til mannen 

Tok han i neven. Såg han i augo i respekt. Det var ein skikkelig fjellkar. Rask til beins. God til å ljuge. Han likte eg godt. 

J-EP 2020