
I dag har me jobba med vedhogst og høgging av tre. Fattern og eg fekk ordna med vedmaskinen og han jobba med den, mens eg hjalp litt til. Samtidig felte eg ei furu bortved gamlestugu som skal brukas som søylar ved forlenginga av hundegården. Eg skal utvide taket på hundegården 2-3 meter og ha ein tørr plass til sykkel og treningsutstyr for bikkjene rett på utsida. Da skal eg bruke rundstokk som søyler var planen.

Barkinga gjeng lett nå som trea svår. Eg har hørt at furua blir blå om man feller dem på denne tida og det e vistnok ikkje anbefalt til materialer, men eg tenker at det ikkje gjer noko når eg skal ha rundstokk som skal klinas inn med tjyru. -Eg har ikkje greie på detta, men hå vanskeleg kan det vørå? Får prøve meg fram.
Fått gjort litt i dag. 5-6 furutre til som skal nedpå foran gamlestugu før eg fær hjølp til å gråvå stuv, så da blir det kanskje nok tømmer til ein gapahuk au… Får sjå.



