Det e noko eget med å legge seg i kamuflasjen og vente på at tiuren skal slå inn i veden på eit nytt spell. E det mange? Ligg eg rett? Det e spennande nok på kjente leikar der spellet e kartlagt og åpenbart. Tiurleiken har med åras løp bevegd seg vekk fra det gode bildet. I fleire år jakta eg nye motiv. Kamera er med nå også, men lydar, stemning, tradisjon og aleinetid med tid til å tenke og filosofere er vel så viktig. Og så finne nye leikar da. Drømmeleikar med 7-10 tiur og 15-20 røy. Full fres på trona.

Lytte til revebjeff, uglelåtar, rugdetrekk, orrhanebuldring og rypekakling. Eller bare sitte i teltglugga å lytte ut i vårnåtta og sjå på skuggane som veks seg trolske og uskarpe, mens vinden grer furukronene. Og så e ein kanskje i tvil om vinden vil løye og om leiken blir mislykka. Tvilen veks kanskje i takt med regndrøppa på det dårlege kamuflasjeteltet. Så blir ein litt kald og puttar beina i påsan og varmen strøymer gjennom kroppen sammen med trøttheten. Så duppar ein av på verdens hardaste og vondaste seng før ein skvetter til da fyrste tiur slår inn i ei furu tett ved med eit brak. Så kjem det kanskje ein til før dei helsar kvarandre god kveld og lykke til med nokre kåte provoserande rap. Og da sovnar villmarkingen. Men senga e vond og han sev lett og våknar i den duse uskarpe morgonen av kåte knepp frå ei furu rett over teltet. Da tørr han ikkje le seg før kneppinga blir hissig og tiuren sliper trolskt ut i nåtta. Og så veit han at det gjeng an å duppe litt til fe det heilt mørkt ute. Så ventar han kanskje på småfuglane som vaknar i takt med vårmorgonen før han kryp forsiktig ut av påsan med overkroppen til ein kjølig morgon. Men kulda e snart glømt fe på kollen framfe teltet spradar ti sexy hønur og vrikkar på dei snertne kroppane sine som bare kvinnfolk kan. Da tek det heilt av fe tiuren kan du skjønne og i kåte sprang e han upptatt med vise seg, knulle og jågå jyplingar. Og både tiuren og villmarkingen veit at i dag e livet ikkje så aller værst. Og slik gjeng nå dågån.