Fenalåra og serveringsfjøla

Det har seg slik at fenalåra blei gode i år au og så skulle eg gje bort eit lår til ein 75årsdag. Og hått skal ein finne på da? Kan liksom ikkje bare gi eit lår i ein plastpose. Da blei det bort på verksted og nøkå på ei serveringsfjøl.
_DSC3101-2Det er jo i grunn pussig at eg skulle ha noko interesse fe sløydarbeid. Slikt trearbeid har eg aldri hatt noko interesse av å drive med sjølv. Eg huksar når eg budde i Finnmark. Da strauk eg til fjells kvar ei ledig stund og å holde på med slikt var heilt uaktuelt. Men nå finn eg glede av å rote litt borte på verkstedet etter at ungane har lagt seg. Og om gava kanskje ikkje blei heilt proff, så har eg nå gjort alt sjølv og det ligg da litt arbeid bak, så eg håper at både fenalåret og serveringsfjøla fell i smak.

_DSC3065-3