Prikken, Hals og ei tautrosse på omkring 4 meter jager fyrst. Deretter kjem William og eg. William, min 8 år gamle nevø må springe fe å helle fylgje og eg e i tvil på om me har lagt ut på fe lang ein tur. 7kms rundtur over Oshegna og rundt Spangemyr var planen, fe så å gå forbi Bergsland upp Gruvedalen, ned forbi Sjokoladetreet og ned att tell Moen. Det e eit stykke fe ein 8 år gåmmål kar. Men William e ein harding og klågår lite og treng nesten ikkje motiveras fe å følje på. Han e lett i kroppen, sterk og sprett etter kånn i lyngen. Tidvis gjeng det ganske raskt framover. – Du e sabla flink tell å gå i skogen William. Skikkeleg flink gutt. Sprek au!, seier eg (Og meiner det).
Etter nokre kilometer kjem me tell Klømsterfossen og der gjeng Kåla ned i eit smalt juv. Detta e ein spektakulær og fin plass som eg brukar å gå forbi på mange treningsturar. Denna dagen passar det ekstra godt å ta ein stopp her. Gutongen har fortjent ei pause.
(Sjå 360- bilde fra Klømsterfossen her) og 360panorama nr.2 her.) Fe 360 panoramabildene rår eg bruk av smarttelefon eller løsåbrætt. Bruk gjerne gyroscop- knappen i v. hjørnet..
William og eg støkte upp ein hønsehauk som satt å spiste på ein ravn i dag. Detta var spesielt og slett ikkje daglegdags.
– Veldig bra at hønsehauken tek korp (ravn), fe kråkefugl e det nok av, seier eg tell William.
Eg må nødt tell å tenke på dem som nærast ser på hønsehauk som eit skadedyr, fe at dei tek hønsefugl og jaktbart vilt. Sjølv om det e ein kjent sak at hauken hell bestand av kråkefugl nede og at kråkefugl e hardare mot skogsfugl enn hauk. Eg har sett det ved åteplassen au. Mykje hauk—>mindre hauk. Dei e ikkje akkurat bestekompisar. .
– Du skjønnar det William, hønsehauken e ein grei kar serru, seier eg tell William.
– Ja, svarer William tørt. Ikkje like entusiatisk.
PS: Nede att på Tinnsjøstrånda fekk me høyre at pus hadde tatt ei mus i dag. Slikt vankar au mykje skryt av…