Treningstur langs gamlevegen gjer godt både fe pusten og fe mjølkesyra i låra. E ikkje meir trøkk i Hals når han trekk aleine anna enn at eg fær jobbe godt upp kleiva.
Allikevel kjem han seg nå litt han Hals og det e ein snill og koseleg kar som eg likar godt, tross at han e litt reservert av seg og skal sant seias så har eg vel ikkje vondt av trimmen om dagen.
Har au vore innom åte i dag. Gjekk kun forbi fe å sjå at kamera virka. Og det tikka jaggu meg inn ein melding. Håffe det e så lite aktivitet kan man sjølvsagt spørre seg om, men eg trur det ligg mykje slakteavfall rundt omkring. Eg syns minnas at det var like dødt på åte i forfjor. Syns huske at det ikkje skjedde stort før i romjula da (Nå konne eg sjølvsagt sjekka arkivet i bloggen her, men det har eg ikkje tid tell. Har nokon av døkkån lyst så vær så god. Alle innlegg står under arkiv i høgre marg. ).
Ellers så gjeng arbeidet på gamlestugo litt framover, sjølv om eg både e lat og atal når det kjem tel å komme seg bort fe å sparkle å pusse. Men eg trugar meg da gjennom nokre øktar.