Tida flyg

Det e rart med det håss tida flyg. Områder som e kjente å kjære frå friluftsminner telbake i tid. I dag tok eg sekshjulingen å kjørte upp i Kålidalen. Eg kjørte tell bekken og gjekk derfrå og upp på stulen Rånebua. Der e det fint med utsyn mot Vindolen, Bodik og Hjartdalsfjella.

Eg har liggi ute i terrenget mange gongar. Både i telt og onder åpen himmel. Summarstid og vinterstid, men jamen byrjar det å bli mange år sida eg har vore der. Når eg tenker telbake kan eg ikkje hukse at eg har tråkka der inne sida 1998. Det byrjar bli lenge sida. Da e et godt å sjå at elt e som før i fjellet.