Tinnsjøen og småblink

Tinnsjøen ligg stille med blink i små krusninger i dag. Ute luktar det friskt etter nok ein regnfull natt. Eg var uppe i otta i dag og satt å kikka på Tinsjøen, mens eg fekk meg ein kopp krutesterk kaffi.

I dag ventar jobb både i sjukepleiarfaget og med gårdsarbeid. På Moen e det framleis rydding etter alt gårdsarbeidet. Tetting mellom stokkar på gamleburet, rydding av plank, kutting av plank, sette upp takrenne, forsøke litt tjære på et par bord på snikkarverksted, rydding av snekkerverksted, maling av vindskibord, maling av kledning på hytta. Lista e lang og vil ingen ende ta, men etter ein slik morgon så e eg klar fe det som måtte komme og det e ikkje noko stress.